Skjermbruk

Som eit første forsøk på «læringsanalyse» (kva no det måtte vere) har vi i ein periode registrert om studentar nyttar «stor» eller «liten» skjerm når dei går inn i Canvas. Og til samanlikning: kva nyttar lærarane? Resultatet er ikkje så veldig overraskande:

Studentars skjermbruk i Canvas ved HVL hausten 2022.
Lærarars skjermbruk i Canvas ved HVL hausten 2022.
  • Studentane er meir aktive på små skjermar i starten av semesteret, og jamt over nyttar dei små skjermar gjennom heile semesteret. Det verkar rimeleg: dei nyttar skjermen meir til å lese enn til å skrive. Og denne aktiviteten avtar utover i semesteret; aktiviteten flytter seg litt frå å lese til å skrive.
  • Lærarar nyttar nesten ikkje små skjermar i det heile.
  • Måndag er den mest «aktive» dagen (både for lærarar og studentar); sundag er litt meir aktiv enn laurdag (også for lærarar og studentar).
  • Aktiviteten avtar ut gjennom veka; det er heller ikkje så unaturleg? Men det ser ut som at studentane sin aktivitet synker kraftig på fredagar (til berre halvparten av det som er vanleg måndag-torsdag). Dette siste kan kanskje bli gjenstand for litt meir analyse.
  • Studentane sin aktivitet held seg på omlag same nivå til midten av desember, medan lærarane har ein synkande tendens frå midten av november og ut semesteret. Gode forklaringar på dette?
  • For sikkerhets skuld: talet på andreaksen er registrerte sidelastinga i Canvas. Det vil sei kvar gong nokon opnar ei side, ei oppgåve, ei kunngjering. Og kvar gong nokon lagrer ei side, sender inn ei oppgåve, skriv eit innlegg i ein diskusjon. Alt som sender ei melding til Canvas om at «no gjer eg noko».

Det skal bli spennande å sjå utviklinga i vårsemesteret også.

Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *