akkogve ?!?!?!?

Kvar kjem brukarnamnet «akkogve» frå? I alle år nytta eg «aak» som initialar, for å ta vare på stavemåten av namnet mitt (Aasmund Kvamme). I 1993 fekk eg jobb på Bergen ingeniørhøgskole, og vart då tildelt initialane «akv». Etter ein svak protest fekk eg melding om at Aagot K. hadde «aak» frå før, så det kunne eg ikkje få. Og det var jo ei forklaring eeg måtte bøye meg for.

Ein del år seinare vart det aktuelt å registrere seg på ulike nettstader, og då kunne eg jo bruke «aasmund» ei stund. Men eetter kvart vart det fleire «aasmund» ute og gjekk, og «aasmundk», «aasmund63», «aasmundkvamme» var liksom ikkje like kjekke namn å bruke. Så ein ettermiddag falt det brått ned i meg at eg kunne skrive forkortinga «akv» som «akåve» (heilt sikkert inspirert av nokon andre som hadde gjort noko tilsvarande). Men «å» er ikkje så lett å nytte på nettet, så etter litt mumlng og prøvesmaking på lydar kom «akkogve» dettande ned. Og den fungerte! Unik, internasjonal. Og med den vesle tvisten at den liknar svært på «akk og ve».